En julehilsen

En julehilsen

En julehilsen

En julehilsen fra en av våre deltagere i nettverksgruppe:

Wake Up and Smell the Roses!
(To appreciate life and the beauty of the world around us. To realise and appreciate what really matters.)

Ein typisk definisjon av speleavhengigheit er ifølgje http://hjelpelinjen.no at ein ikkje lenger har kontroll over spelinga si, og at ho dominerer livet – både tankar, kjensler og åtferd . Denne definisjonen kunne like eins vore ei beskriving av meg sjølv. For meg har speleavhengigheit vore likeins med å springe fortvila rundt i ein labyrint utan å finne vegen ut og som å leve i ei boble; i eit fengsel. Problemet mitt har berre vore: Korleis skal eg finne vegen ut av labyrinten, og korleis kan eg stikke hol på bobla og frigjerast frå fengselet?

Eg står og ser på ein trist og apatisk fyr som sit samankrøkt i ein stol førre ein PC. Eg ser han så tydeleg – det er patetisk. Der sit han i uvitskap – dag etter dag, veke etter veke, månad etter månad, år etter år – og søkjer ein uoppnåeleg draum, medan livet hans raknar i saumane og svinner hen saman med både familie og vennar. Kva med å gi han eit kakk med hammaren? Vil han då vakna opp? Eg ser han no så tydeleg at det verkar i kroppen. Eg kjenner smerten hans og innser at eg står og betraktar meg sjølv utanfrå, som frå ein som har klart det nærmast umoglege – å finne den hemmelege ingrediensen i den absurde kjemiske formelen: korleis komme seg ut av speleavhengigheita?

Det å vere spelefri kjennes som om navlestrengen har blitt klippa på nytt – og i staden for å separere meg frå ei ni-månaders tilknyting til mor mi, vert eg denne gongen frigjort frå illusjonen – illusjonen om det gode liv og ført inn i ei ny verkelegheit eller som i filmverda skilt frå The Matrix. Filmen The Matrix skildrar livet i og utanfor ei konstruert verd kalla The Matrix – kor innbyggjarane lev det gode liv uvitande om at dei eigentleg ligg i koma og blir styrt av maskinar som har teke over herredømmet på jorda, og at menneska si oppleving av den verkelege verda berre er eit resultat av eit dataprogram implementert i hjernen deira. Men nokon klarer å finne vegen ut av The Matrix, og skjønner at livet deira har vore ein illusjon og at verkelegheita er ganske annleis.

Plutseleg har eg vakna opp frå koma og funnet av lysbrytaren opnar verda mi. Med eitt ser eg ungane mine i eit nytt lys; Eg føler ei sterk trong til å vere med dei – som om eg ikkje har sett dei på mange år. Eg ser andletet til dottera mi og synes ho er så vakker og ven. Eg ønskjer alt for ho – eg vil gi henne mi kjærleik og omsorg. Og sonen min – han er det mest fantastiske eg har. Eg vil vere med han, leike med han og ta han med på opplevingar saman med pappaen sin. Endeleg kan eg vere der for dei.
Og eg gler meg til jul. Eg kan ikkje hugse å ha sett så mykje fram til jul sidan eg sjølv var barn. Eg kan merke gleda, magien og spenninga i kontrast til dei siste julefeiringane, kor eg har hatt ei mektig og utilslørt kjensle av likegyldigheit; kor alt eg har tenkt på er gratisspinn og bonusar som spelselskapa delar ut som julekalendergåver til spelegalne nordmenn i heile desember. No, derimot, ser eg fram til ei tradisjonsrik og minneverdig julefeiring med barn og familie, og til butikkar som bognar over med julesnop, julebrus og julepynt. Eg vil berre ta med meg ungane og saumfare og oppleve butikkane og livet deira saman med dei.
Eg sit på ein opphøgd stol og ser utover dei som fortvilt leitar etter utgangen av labyrinten. Det er dei speleavhengige – dei som ligg i koma og ikkje evnar å sanse den verkelege verda utanfor spelinga. Så korleis skal ein komme seg ut av labyrinten? Det enklaste er framleis det beste, og løysinga er å komme høgt nok opp til å kunne sjå labyrinten ovanifrå; ser ein vegen ut. Problemet er berre at det ikkje er noko stige i labyrinten, så dei speleavhengige kjem seg ikkje høgt nok opp. Så korleis klarte eg det? Svaret ligg nok i mitt tankemønster:
Før tenkte eg på døden – nå tenkjer eg på livet.